Styringsgruppa for rapporten – som har vore sett saman av representantar frå SFE, BKK og Hydro konkluderer med «… at 'Vestlandskraft DA' kan vere den rette løysinga for spørsmåla som eigarane har reist i mandatet. Ein vidare prosess der ein går grundigare inn i dei viktige spørsmåla for eigarane og selskapa vil kunne gje dei endelege svara på om Vestlandskraft DA bør realiserast.»
Bakgrunnen for prosessen med å utgreie eit felles produksjonsselskap er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt ynskje om å få fram ulike alternativ for å sikre at verdiane i SFE skal bli verande i Sogn og Fjordane ved ei eventuell fylkessamanslåing og BKK sine strategiske målsetnader knytt til ei sterkare konsolidering på Vestlandet.
I ettertid er Hydro kome inn i prosessen. Det er aktuelt for Hydro å vere med i eit eventuelt framtidig felles vasskraftselskap med kraftverka i Røldal-Suldal Kraftverk.
Vert drøfta i fylkesutvalet
– Sogn og Fjordane fylkeskommune er den største eigaren i SFE. Rapporten vil bli drøfta i fylkesutvalet 23. august og for fylkeskommunen er det avgjerande at ein ved eventuell etablering av eit nytt produksjonsselskap opprettheld lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø, bevarer lokalt eigarskap og sikrar kontroll med dei lokale naturressursane, seier fylkesordførar Jenny Følling.
Finansiell og industriell partner
– Utgreiinga syner at eit nytt selskap vil kunne auke inntektene og redusera kostnadene vesentleg. Eit felles selskap vil også ha større finansiell løfteevne. Det gir større moglegheiter for å vera ein finansiell og industriell partner i relevante prosjekt som kan bidra til grøn verdiskaping på Vestlandet, seier konserndirektør Produksjon i BKK, Wenche Teigland.
– Rapporten svarar på bestillinga frå dei to store eigarane våre om utgreie eit felles produksjonsselskap. Dersom eigarane våre ynskjer å nå sine målsetnader gjennom etablering av eit felles kraftselskap, gjev rapporten eit godt grunnlag for vidare arbeid. Sjølv om det er positive sider ved ei slik løysing, så vil det alltid vera ulemper ved å gjera så store endringar, mellom anna knytt til kontrollen og utviklinga av vasskraftressursane i fylket og konsekvensane ei slik etablering får for andre delar av konsernet. Det er opp til styret og eigarar å vurdere opp- og nedsider ved eit felles produksjonsselskap, samt sjå ei slik utvikling av SFE opp mot alternative strategiar for utvikling av selskapet, seier konserndirektør produksjon i Sogn og Fjordane Energi (SFE) og medlem i prosjektgruppa, Ola Lingaas.
Det er berre vasskraftproduksjonen i selskapa som vert vurdert slått saman. Eigarselskapa vil bestå og driva anna verksemd vidare.
Industrimoglegheiter for Vestlandet
Det nye selskapet har førebels fått arbeidstittelen Vestlandskraft. Selskapet kan bestå av 63 kraftverk og produsera 12,1 TWh.
– Som vasskraftprodusent, men ikkje minst som aluminiumsprodusent veit vi i Hydro at tilgang på stabil og fornybar energi er ein føresetnad for å satse på langsiktige industriarbeidsplassar. Eit stort produksjonsselskap kan gjera Vestlandet meir attraktivt for eksisterande og ny industri, og dermed kunne bidra til fleire industriarbeidsplassar og auka verdiskaping, seier Arvid Moss, konserndirektør for forretningsutvikling og energi i Hydro.
Sterkare kompetansemiljø
Eit større produksjonsselskap betyr større kompetansemiljø, noko som vil vera eit konkurransefortrinn i ei tid der energibransjen vert utfordra av mellom anna låge kraftprisar og auka konkurranse.
– Vi må bli endå meir effektive, samstundes som vi har trong for å investera i ny teknologi for å halda fram med å vera motoren i det grøne skiftet. I denne konteksten vil storleik bety endå meir enn i dag. Eitt stort selskap vil bety større kompetansemiljø og auka innovasjonsevne, seier Teigland.
Publisert: 15. august 2017